Les om Bourdieus teori om klasser og ulike former for kapital i Mangfald. Ta utgangspunkt i det norske samfunnet og dikt opp fire personar:
Beskriv personane. Du kan for eksempel finne på kva dei heiter, kor dei bur, og kva for type bustad, utdanning, jobb og inntekt dei har. Du kan også dikte opp kva dei gjer på fritida, korleis dei kler seg, kva dei bruker å lese eller sjå på TV, og kva dei er spesielt interesserte i.
Om du vil, kan du teikne eller lage ein collage av ein eller fleire av personane.
Diskuter gjerne med dei andre i klassen om menneska de har skapt, er realistiske, og/eller om dei er basert på fordommar og stereotypiar.