Kvifor arbeider vi?
- Spør tre tilsette med ulike arbeidsoppgåver på skolen din (til dømes faglærar, sosiallærar, rektor, reinhaldsarbeidar, helsesøster, vaktmeister, konsulent) om kvifor dei arbeider.
- Samanlikn svara. Kva er likt, og kva er ulikt?
- Trur du skilnadene har med arbeidsoppgåvene å gjere, eller trur du dei er tilfeldige? Grunngje svaret ditt.
- Samanlikn svara med det læreboka seier om kvifor vi arbeider (s. 181 - 182). Er det samsvar her?