Ulike næringar og stereotypiar
- Lag ei liste over yrke innanfor primærnæringane, sekundærnæringane og tertiærnæringane.
- Vel eitt yrke innanfor kvar næring. Kva for stereotypiar finst når det gjeld denne yrkesgruppa? (Slå opp ordet stereotypi om du ikkje veit kva det betyr.) Tenk til dømes på kjønn, alder, utsjånad, veremåte, intelligens, interesser.
- Trur du dei stereotypiane du beskreiv, er med på å avgjere om ungdom vel desse yrka? Grunngje svaret ditt.
- Kva anna påverkar yrkesvalet til ungdom i dag? Bruk gjerne begrepa primærnæringar, sekundærnæringar og tertiærnæringar i svaret ditt om det passar.